Virus og smitte kan forklare kvifor yngre søsken tener mindre

av | 10. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Smitte frå eldre søsken blir kopla til ulikskapar mellom barna seinare i livet. Ein dansk studie viser at luftvegsinfeksjonar hos spedbarn gir risiko for lågare utdanning og lønn i vaksen alder.

Den danske studien «Germs in the Family» viser at spedbarn som har hatt luftvegssjukdommar, i snitt endar opp med lågare utdanning og inntekt som vaksne, enn dei eldre søskena sine.

Forskarane ved Københavns Universitet har funne ut at spedbarn har mykje høgare risiko for å bli alvorleg sjuke når eldre søsken tek med seg virus heim frå barnehage, skule og annan aktivitet utanfor heimen.

– Vi ser at andrefødde barn har to til tre gonger høgare risiko for å bli innlagde på sjukehus med luftvegssjukdommar i spedbarnsalderen samanlikna med førstefødde barn i same alder. Dette er spesielt tydeleg i dei første seks månadene av livet, når barn er biologisk mest sårbare, seier N. Meltem Daysal, førsteamanuensis ved Institutt for økonomi og CEBI ved Københavns Universitet.

Ved å studere registerdata for over 1,2 millionar danske barn har forskarane også funne at risikoen for at babyar blir alvorleg sjuke, er større når aldersforskjellen mellom søskena er liten.

Studien er nyleg publisert i American Economic Review.

Sårbare minstebarn

I barns første leveår er immunforsvaret i startgropa, og babyen kan lettare bli smitta. Men også hjernen er under utvikling for å vere rusta vidare i livet.

Ifølgje forskarane kan tidleg, alvorleg sjukdom få konsekvensar også seinare.

Studien har sett på befolkningsdata heilt fram til barna er vaksne. Dei seier at barn som blir utsette for luftvegssjukdommar som spedbarn, har lågare sannsyn enn eldre søsken for å fullføre både vidaregåande skule og høgare utdanning. Som vaksne tener dei yngste i gjennomsnitt nesten 1 prosent mindre enn dei eldre søskena sine.

– Ein stor del av inntektstapet kan forklarast med at sjukdom i spedbarnsalderen påverkar utdanningsløpet til barna, seier førsteamanuensis Daysal, som har leidd studien.

Fleire teoriar

Det er allereie godt kjent via studiar og befolkningsstatistikk at eldre søsken ofte gjer det betre på skulen og i arbeidslivet enn yngre i søskenflokken.

Lenge var rådande oppfatning at storleiken til familien hadde mykje å seie.

For over 20 år sidan kom studien “The More the Merrier?” i Quarterly Journal of Economics som viste at det ikkje var familiestorleiken som var avgjerande, men fødselsrekkefølgja.

– Då vi publiserte den vitskaplege artikkelen vår, peika vi på to moglege forklaringar. Den eine er ganske mekanisk: Foreldre bruker mindre tid på den yngste. Den eldste får meir åleinetid med foreldra, seier NHH-professor Kjell G. Salvanes, ein av forskarane bak studien i 2005, i ein NHH-artikkel om søskenforskinga.

Han seier tida åleine med foreldra framleis er ein sentral del av forklaringa på kvifor det blir forskjellar på søsken utover i livet. Den andre forklaringa har vore at eldstemann i flokken får ansvarsfulle oppgåver, lærer bort til dei yngre og passar på dei. Det kan utvikle organisatoriske evner og bidra til dobbel læring.

– Når du må vise, forklare og lære bort korleis ting blir gjort, kan det også vere ein fordel for deg sjølv. Du kjem inn i ein modus der du trenar på å formidle og strukturere kunnskap, seier Salvanes.

Ikkje tilfeldig

Salvanes seier den danske studien er interessant og truverdig.

– Det kan vere tidspunktet sjukdommen kjem på, og kanskje kor ofte dei blir sjuke heilt tidleg i livet, som betyr noko, seier han.

Dei danske forskarane har kombinert forskjellar i fødselsrekkefølgje med lokale variasjonar i sjukdomsutbrot blant små barn. Dermed kunne dei isolere effekten av eksponering for sjukdom i spedbarnsalderen frå andre familie- og bakgrunnsfaktorar.

– Slik kan vi identifisere årsakssamanhengar – ikkje berre korrelasjonar, seier Daysal.

Forskarane meiner resultata understrekar at det å førebyggje sjukdom blant spedbarn lønner seg for samfunnet på mange måtar og over lang tid.

– Gjennom vaksinasjon, god hygiene og støtte til familiar som har spedbarn i tillegg til barn i barnehage, kan vi hauste fordelar som strekkjer seg langt utover helsevesenet, seier Daysal.

(©NPK)