Matvareprisane steig med 3,1 prosent frå juni til juli – mindre enn i fjor

av | 10. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Matvareprisane steig med 3,1 prosent frå juni til juli, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Det er likevel mindre enn dei gjorde i fjor sommar.

På same tid for eitt år sidan steig prisane med 4,6 prosent.

– Juli har vore ein månad der daglegvarebransjen fasar inn prisendringar. Trass signal om at bransjen ønskjer å gå bort frå denne praksisen, hadde matvareprisane ein relativt høg vekst frå juni til juli også i år. Samtidig var prisveksten endå høgare på same tid i fjor, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i ei pressemelding.

Det at nivået er lågare, bidreg dermed til at tolvmånadersveksten på matvarer fall til 0,9 prosent.

– Førre gong tolvmånadersveksten i matvareprisane var under 1,0 prosent, var i mars 2022, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

Blant matvarene som har stige mest i pris i sommar, finn vi pærer, laks, aure og annan fersk fisk og dessutan hermetisk kjøtt.

– Blant matvarer som fall i pris, finn vi diverse frukt og grønsaker og kakaoprodukt, skriv SSB.

(©NPK)