No skal 60.000 barn ut i vegen – Trygg Trafikk med beskjed til bilistar

av | 10. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Nesten 60.000 seksåringar skal denne veka ut på skulevegen for aller første gong, noko som byr på utfordringar i trafikken.

– Skulestart er ei storhending for både barn og foreldre. Samtidig er det dessverre slik at mange skular slit med mykje trafikk rundt skulen og langs skulevegen. Ein av grunnane er foreldrekøyring i samband med levering og henting av barna, seier pressesjef i Trygg Trafikk, Christoffer Solstad Steen, i ei pressemelding.

Tronge og uoversiktlege parkeringsplassar aukar risikoen, særleg for små barn som er lite synlege for sjåførar. Å avgrense trafikken rundt skulen er ei god løysing, påpeikar Steen.

– Då kan du gjerne parkere eit stykke unna skulen og gå den siste biten, oppmodar han.

Trygg Trafikk oppmodar til å etablere hjartesoner. Det er ei sone rundt skulen med lite biltrafikk og med droppsoner eller korttidsparkering for henting og levering.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar