– Pengebruken har komme fullstendig ut av kontroll, seier stortingsrepresentant Frøya Skjold Sjursæther i Miljøpartiet Dei Grøne til NRK.
Medan regjeringa opphavleg rekna kostnaden til i underkant av 10 milliardar kroner, vart anslaget auka til 21,5 milliardar i revidert nasjonalbudsjett. Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue anslår overfor NRK at sluttsummen kan ende på heile 24 milliardar kroner.
MDG meiner noregspris er for dyr, sosialt urettferdig og øydeleggjande for energisparing. Når partiet i haust går inn i budsjettforhandlingar med dei andre raudgrøne partia, vil det fremje ei ny straumstøtteordning.
MDGs alternative modell inneber at alle hushald i prisområda NO1, NO2 og NO5 (Austlandet, Sørlandet og store delar av Vestlandet) får 1000 kroner i avslag på straumrekninga kvar månad i vinterhalvåret.
Det vil spare staten for 10 milliardar kroner, ifølgje partiet.
Energiminister Terje Aasland (Ap) avviser forslaget og seier det ikkje vil gi god nok tryggleik for familiar. Han understrekar at ordninga i dag skal gjelde fram til minst 2029.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #107559](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/KASIJUTft1M.jpg)



0 kommentarer