Måndag varsla Norwegian at seks fly vart kansellerte, medan Widerøe kansellerte tre.
– Me har hatt nokre få kanselleringar i morgontimane og noko forseinkingar, men situasjonen er langt betre enn det me såg i går, skriv kommunikasjonsrådgivar Camilla Haugen Walla i ein e-post til NTB.
Tolv flygeleiarar vart tekne ut i streik frå Gardermoen og Flesland fredag formiddag, og det medførte store utfordringar for reisande i helga. I ein periode var all trafikk innstilt på Gardermoen og luftrommet stengd over Bergen og Stavanger.
Sjølv om situasjonen er betre måndag, blir framleis følgjene merka etter helga, fortel Avinor.
– Det har vore mange reisande og noko kø i tryggleikskontrollen på morgonen. Ein del av desse skulle truleg ha reist i går, men kjem seg heldigvis av garde i dag, skriv Walla.
Ho varslar om at konsekvensane av streiken vil forsterka seg utover dagen.
– Utover ettermiddagen og kvelden må me rekna med nokre følgjeforseinkingar, særleg fordi Oslo lufthamn var så hardt ramma i går. Det kan derfor bli noko forseinkingar utover dagen, som også kan påverka dei andre lufthamnene i landet, skriv ho.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #111985](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/ki1IcyFUMhc.jpg)



0 kommentarer