Svensk havarikommisjon: Småbåtar var synlege på radar før ulykka ved Tjörn

av | 24. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-TT): Fritidsbåten som vart treft av det norske lasteskipet Misje Verde utanfor Tjörn i Sverige i juli, var synleg på radaren på skipet.

Også ein annan fritidsbåt i det same følgjet var synleg på radaren til lasteskipet, opplyser Statens havarikommisjon i Sverige.

Ifølgje kommisjonen passerte lasteskipet også følgjebåten på nært hald.

To personar omkom og to andre vart alvorleg skadde då Misje Verde kolliderte med den eine fritidsbåten. Nokre minutt seinare passerte skipet den andre fritidsbåten på nært hald.

Ifølgje ein statusrapport frå havarikommisjonen var begge dei to fritidsbåtane synlege i radarsystemet på Misje Verde ei stund før kollisjonen.

Det same opplyste den svenske påtalemakta då varetekta for kapteinen på lasteskipet vart forlengd.

Også losen som var om bord, er mistenkt for straffbare forhold.

Ifølgje havarikommisjonen heldt lasteskipet ein fart på rundt 12 knop då det kolliderte med fritidsbåten.

– Eit viktig spørsmål for etterforskarane er å svara på kvifor dei ikkje oppdaga kvarandre, skriv kommisjonen.

(©NPK)