Flygeleiarar i streik: Fleire avgangar innstilte – opptrapping tysdag

av | 21. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Tolv flygeleiarar på Gardermoen og Flesland er tekne ut i streik. Fleire flyavgangar er allereie innstilte, og forseinkingane er store. Tysdag vil åtte nye flygeleiarar bli tekne ut av teneste.

I meklinga mellom Norsk Flygelederforening og Spekter vart ikkje partane einige, difor er 12 flygeleiarar tekne ut i streik.

Streiken starta fredag formiddag klokka 11.00. Konserndirektør i Avinor Flysikring, Jan Gunnar Pedersen, sa fredag formiddag til NRK at streiken vil få store konsekvensar utover i helga og spesielt på Vestlandet.

Mellom anna kjem Gardermoen til å bli stengd for flytrafikk frå klokka 06.30 til klokka 11.30 søndag.

Fleire kansellerte flyavgangar

Streiken i luftfarten påverkar alle flyplassar i Noreg, no er fleire flyavgangar innstilte.

Det viser Avinors oversikt over flyavgangar.

– Konsekvensane kjem til å bli merka over heile landet fordi det gjeld dei to største flyplassane, sa pressevakt Helene W. Jensen til VG.

Fly til Stavanger, Bergen, København og Stockholm er allereie innstilte frå Gardermoen etter at det vart brot i meklinga med flygeleiarane fredag morgon. Streiken starta klokka 11.00.

Avinor Flysikring har laga ein analyse over korleis streiken kan føra til forseinkingar og kanselleringar dei første fire dagane av streiken.

Dersom streiken etter kvart fører til fare for liv og helse, eller alvorlege samfunnskonsekvensar, kan regjeringa gripa inn og stansa streiken med tvungen lønnsnemnd.

Opptrapping av streiken

Leiar i Norsk Flygelederforening, Robert Gjønnes, varslar at dei vil trappa opp streiken tysdag 26. august og ta ut åtte flygeleiarar til av teneste.

Det utvida uttaket vil omfatta flygeleiarar på følgjande stader:

* Ein til på Stavanger kontrollsentral

* Ein til på Gardermoen

* To til på innflygingskontrollen til Gardermoen på Røyken

* To i tårnet i Tromsø

* To på kontrollsentralen i Bodø.

I alt er det varsla plassoppseiing for 536 flygeleiarar til Riksmeklaren.

Langt på overtid

Gjønnes skriv i ei melding til NTB at situasjonen er svært beklageleg.

– Me har mekla langt på overtid og vart ikkje samde, og det er svært beklageleg. Me opplever at arbeidsgivar ikkje møter oss i dialogen. Ingen dialog – inga løysing.

Vidare skriv han at denne forhandlinga aldri har handla om økonomi; ho har handla om pausar, livsfase og rammer for instruktørverksemd, ifølgje han.

– Det er uforståeleg at Norsk Flygelederforening no set i verk ein streik som på heilt urimeleg vis vil ramma flypassasjerar og flytrafikken, seier administrerande direktør i Spekter Anne-Kari Bratten i ei pressemelding fredag morgon.

Partane har sete i lokala til riksmeklar Mats Wilhelm Ruland sidan onsdag formiddag.

Kontaktar reisande

Pressesjef i Norwegian, Catharina Solli, skriv til NTB at Norwegian vil gjera det dei kan for å finna gode, alternative løysingar for dei som blir ramma.

– Reisande som får avgangen kansellert på grunn av streiken vil bli kontakta direkte på SMS og e-post med informasjon om endringar i reisa.

Pressesjef i SAS, Øystein Schmidt, understrekar overfor NTB at SAS ikkje har ein direkte innverknad på utfallet av streiken, men at han likevel dessverre vil føra til forstyrringar i flytrafikken.

Torsdag kveld beskreiv riksmeklar Mats Ruland forhandlingane som ein av dei vanskelegaste meklingsrundane i luftfarten i år.

– Nokre meklingar er meir krevjande enn andre, og denne er i den krevjande delen av skalaen, sa han.

For få pausar

Leiar i Norsk Flygelederforening, Robert Gjønnes, seier til E24 at lønn ikkje har vore oppe til diskusjon i forhandlinga, og at alt dreier seg om arbeidsforhold.

– Me er frykteleg leie oss for at det har vorte som det har vorte. Me set oss ved bordet når som helst. Ballen ligg hos arbeidsgivar og Spekter. Her må Avinor bera ansvaret for at me er der me er no, seier han.

Flygeleiarane er ansvarlege for å styra trafikken i lufta og kan sitja åleine på vakt.

– Slik rammeverket er i dag, kan ein flygeleiar i verste fall jobba inntil 16 timar samla utan ein føreseieleg pause. Me ønskjer det regulert, og vil ha arbeidsgivar i dialog. Me opplever at dei ikkje kjem oss i møte, og ikkje anerkjenner utfordringa, avsluttar han.

(©NPK)