(NTB-NPK): Streiken i luftfarten påverkar alle flyplassar i Noreg, no er fleire flyavgangar innstilte.
Det viser Avinors oversikt over flyavgangar.
– Konsekvensane kjem til å bli merka over heile landet fordi det gjeld dei to største flyplassane, sa pressevakt Helene W. Jensen til VG.
Fly til Stavanger, Bergen, København og Stockholm er allereie innstilte frå Gardermoen etter at det vart brot i meklinga med flygeleiarane fredag morgon. Streiken startar klokka 11.
Avgangane som er innstilte er:
13.25: Oslo til Bergen
13.55: Oslo til Stavanger
16.00: Oslo til København
16.10: Oslo til Bergen
16.45: Oslo til Stockholm
17.50: Oslo til Stockholm
Frå Bergen er også to avgangar til Oslo innstilte, og dessutan frå Stavanger til Oslo.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #111276](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/qo6FXK45I5s.jpg)



0 kommentarer