Kraftig fall i norske filmar og dramaseriar

av | 21. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Talet på nye norske dramaproduksjonar har falle med nær 60 prosent sidan toppåret 2022, skriv Klassekampen.

I 2022 kom det 26 nye norske dramaseriar og filmar som vart sleppte direkte på strøymetenester, altså ikkje kinofilmar. I fjor var talet redusert til elleve, ifølgje tal frå det svenske analysebyrået Medievision, referert i Klassekampen.

Utviklinga gjeld heile Norden. I 2024 vart det lansert 79 nordiske dramaseriar og filmar, medan talet fall til 57 i 2025. Det svarer til ein nedgang på rundt 30 prosent på eitt år.

Regissør Eirik Svensson seier at situasjonen blir godt merka blant norske filmarbeidarar.

– Det er mange i bransjen som har gått ledige den siste tida. Det at det vekslar sånn i kor mange produksjonar som blir laga kvart år, gjer det veldig uføreseieleg for filmarbeidarar som jobbar frilans, seier han til avisa.

Ein rapport frå Menon Economics viste i fjor at 60 prosent av dei som arbeider i film- og TV-bransjen, vurderer å slutte. 30 prosent oppgav at dei hadde slutta i bransjen det siste året.

Produsentforeininga peikar på at NRK og TV 2 har redusert investeringane i norsk drama, samtidig som den kraftige satsinga til strøymetenestene på nordiske produksjonar har minka.

(©NPK)