Vy: 300 prosent auke i søk etter reiser med fjerntog

av | 21. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Etter nyheita om streik blant flygeleiarane registrerte Vy eit ras av søk etter togreiser med fjerntog.

Vy registrerte ein auke på 308 prosent i talet på søk på strekninga Oslo – Malmö, etter at nyheita om streik blant flygeleiarane kom fredag morgon. Det var 288 prosent fleire søk på Bergen – Oslo, og 207 prosent auke i talet på søk på Oslo–Bergen.

Nyheita om streiken kom klokka 6.57 fredag morgon.

Kort etter gjekk søkjemotoren hos togselskapet varm i talet på søk etter fjerntog. Søkjetala frå perioden mellom klokka 7 og 10 fredag formiddag er samanlikna med fredag førre veke.

– Som du ser, viser tala stor vekst i søk på dei lange togreisene, der mange kanskje hadde planlagt å fly, skriv kommunikasjonssjef Siv Egger Westin i Vy Tog til NTB.

Også søk etter reiser mellom Oslo og Stockholm gjekk opp med rundt 140 prosent fredag morgon, medan togreiser til og frå Göteborg hadde låge utslag.

Kor mange billettar som faktisk var selde eller bestilte, var det ikkje mogleg å hente ut av datasystema hos togselskapet fredag.

Westin fortel likevel at mange av dei opphavlege avgangane ikkje nødvendigvis har så mange ledige plassar igjen.

– Det er mange turistar i Noreg no, og Bergensbanen, til dømes, var allereie ganske utseld før streiken var eit faktum, seier ho.

(©NPK)