Forbrukarrådet ber studentar hugsa noregspris

av | 24. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Dei fleste i landet frå Trøndelag og sørover vil truleg spara pengar på å velja noregspris. Mange studentar som leiger bustad, kan gå glipp av ordninga, fryktar Forbrukarrådet.

Rundt annankvar student leiger bustad anten privat eller av profesjonelle utleigarar og må teikna eigen straumavtale eller betala gjennom avtalen til utleigaren. Mange endar opp med å betala meir enn dei må fordi dei ikkje kjenner til ordninga med noregspris, trur Forbrukarrådet.

– Vi ser til dømes at berre 33 prosent av forbrukarane i Trøndelag har valt noregspris. Det er liten grunn til å tru at det er betre stilt for studentar, seier fagsjef Thomas Iversen.

Reknestykka til Forbrukarrådet viser at eit kollektiv sør i landet som har brukt 20.000 kWh sidan årsskiftet, ville ha spart meir enn 10.000 kroner med noregspris. Iversen understrekar at billigare straum kan komma godt med, særleg om ein har stram studentøkonomi.

Han rår alle til å sjekka straumavtalen sin på straumpris.no og også å sjekka om ein betaler unødvendig mykje for tilleggstenester.

(©NPK)