Dataangrepa mot offentlege tenester held fram

av | 24. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Det er framleis nokre avgrensingar i bruken av fleire offentlege tenester etter at dei var heilt utilgjengelege natt til måndag, opplyser Digitaliseringsdirektoratet (Digdir).

– Oppdatering klokka 16: Angrepet held framleis på, men løysingane er stabile med dei avgrensingane som er sette. Vi veit at det framleis er ein del som opplever problem, og vi vurderer fortløpande når vi kan lempa på enkelte avgrensingar, skreiv Digdir i ein oppdatering klokka 16.09.

Problema starta klokka 3.38 natt til måndag. Måndag morgon opplyste Digitaliseringsdirektoratet at det dreidde seg om eit tenestenektangrep, og at dei då byrja å få kontroll.

Digdir opplyste at ti tenester var ramma, blant dei ID-porten, MinID, Altinn og eInnsyn.

Utover morgonen og formiddagen betra situasjonen seg, men for nokre tenester vart problema verre etter klokka 12.

(©NPK)