Avinor: Betre i dag enn i går

av | 24. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Flytrafikken har gått ganske bra så langt måndag morgon og formiddag, men det kan bli fleire forseinkingar utover dagen, seier Avinor.

Måndag varsla Norwegian at seks fly vart kansellerte, medan Widerøe kansellerte tre.

– Me har hatt nokre få kanselleringar i morgontimane og noko forseinkingar, men situasjonen er langt betre enn det me såg i går, skriv kommunikasjonsrådgivar Camilla Haugen Walla i ein e-post til NTB.

Tolv flygeleiarar vart tekne ut i streik frå Gardermoen og Flesland fredag formiddag, og det medførte store utfordringar for reisande i helga. I ein periode var all trafikk innstilt på Gardermoen og luftrommet stengd over Bergen og Stavanger.

Sjølv om situasjonen er betre måndag, blir framleis følgjene merka etter helga, fortel Avinor.

– Det har vore mange reisande og noko kø i tryggleikskontrollen på morgonen. Ein del av desse skulle truleg ha reist i går, men kjem seg heldigvis av garde i dag, skriv Walla.

Ho varslar om at konsekvensane av streiken vil forsterka seg utover dagen.

– Utover ettermiddagen og kvelden må me rekna med nokre følgjeforseinkingar, særleg fordi Oslo lufthamn var så hardt ramma i går. Det kan derfor bli noko forseinkingar utover dagen, som også kan påverka dei andre lufthamnene i landet, skriv ho.

(©NPK)