– Vi har hatt fleire forseinkingar på persontog i år enn i fjor, spesielt i juli og august, seier leiar for punktlegheitsanalyse i Bane Nor, Roger Wold, under ein pressekonferanse.
Meir forseinkingar i sommar
Spesielt månadene juli og august har vore prega av forseinkingar og utfordringar.
– Vi var litt for ambisiøse med for mange togavgangar i sommar, noko som igjen skapte ein del forseinkingar, seier Wold, under ein pressekonferanse.
Han fortel at sommaren har vore sterkt påverka av arbeidet i Romeriksporten, og at punktlegheita ville vore betre dersom dei hadde hatt færre tog i drift.
Sjuandeplass i Europa
Trass i utfordringane meiner Wold at norsk jernbane kjem relativt godt ut samanlikna med resten av Europa.
– I Europa ligg vi på ein 7. plass av 20 land når det gjeld punktlegheit for persontog, seier han.
På godstrafikken er derimot tala litt annleis. Det er ei klar forbetring på godstog, og tala er dei beste sidan koronaviruset ramma.
– Vi fraktar faktisk meir gods enn nokon gong, opplyser Wold.
Nedgang der pengane blir brukte
Bane Nor-leiaren understrekar at målretta investeringar har gitt resultat. På den høgt prioriterte strekninga Oslo–Ski har talet på feil gått ned, og feilrettinga skjer raskare.
Samtidig har Flytoget hatt fleire forseinkingar i år enn i fjor. På Sørlandsbanen har operatøren Go-Ahead hatt køyretøyproblem som har ført til ekstra forseinkingar.
Wold forklarer også korleis norsk jernbane ofte fungerer i praksis.
90 prosent av jernbanen i Noreg er enkeltspor, og mange ruter går over fjellovergangar der toga må passe inn på spesifikke havarilommer; det kan og vil skape utfordringar for togtrafikken.
Den mest vesentlege infrastrukturen
Togstrekninga mellom Gardemoen-brakerøya og Oslo S-Ski påverkar all infrastruktur i Noreg.
– Veldig mange av togstrekningane er berekna til å gå forbi desse strekningane, derfor er også infrastrukturen i dette området veldig sårbar, seier regiondirektør Lars Berge for Stor-Oslo i Bane Nor.
Han legg til at forseinkingane her blir derfor store for resten av landet, og at dei påverkar punktlegheita i Noreg med 70 prosent.
– Eg står for at vi kjem til å få fleire feil i dag og i morgon, men vi jobbar med det kvar dag, avsluttar Berge.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #110949](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/ayPvSHaoOTU.jpg)



0 kommentarer