Burnham: Prins Harrys og Meghans tryggleik er ei privatsak

av | 20. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Reuters): Storbritannias statsminister Andy Burnham ønskjer prins Harry og hertuginne Meghan alt godt når dei flyttar heim til Storbritannia, men vil ikkje at staten sørgjer for tryggleiken deira.

– Det er ei privatsak. Det er ei sak for Harry og Meghan, og vi ønskjer dei alt godt med flyttinga, sa Burnham til britiske medium torsdag.

Onsdag kveld melde britiske medium at prins Harry og hertuginne Meghan skal flytte tilbake til Storbritannia, etter mange år i Meghans heimland USA. Dei skal bu i ein privat, ikkje-kongeleg bustad utanfor London. Barna til paret, prins Archie (7) og prinsesse Lilibet (5), er innskrivne og klare til skulestart i september, ifølgje meldingane.

Harry har fleire gonger uttrykt at han gjerne ville ha med barna heim til Storbritannia, men at han er bekymra for tryggleiken deira. I mai 2025 tapte han ei rettssak om familien har rett på særleg politivern i Storbritannia, noko dei mista då han braut med det britiske kongehuset.

(©NPK)