Representantane frå Norsk Flygelederforening og Arbeidsgiverforeningen Spekter sat framleis hos riksmeklar Mats Wilhelm Ruland torsdag ettermiddag, får NTB stadfesta.
Ingen av partane har lov til å kommentere meklinga før ho er avslutta, men riksmeklaren har høve til å gi nokre offentlege løypemeldingar undervegs.
Meklinga starta onsdag formiddag, og partane har fram til midnatt natt til fredag på seg til å bli samde.
Konflikten dreier seg mellom anna om pausar, rammer for instruktørverksemd og livsfasepolitikk for flygeleiarar, ifølgje leiar Robert Gjønnes i Norsk Flygelederforening som uttalte seg til NTB før meklinga starta.
Dersom det blir brot, vil i første omgang tolv flygeleiarar ved Flesland og Gardermoen bli tekne ut i streik frå fredag morgon. I alt har Norsk Flygelederforening søkt om plassoppseiing for 536 medlemmer, og på sikt kan alle desse takast ut i streik.
Avinor Flysikring har allereie varsla at streiken vil føre til forseinkingar som vil auke utover fredag ettermiddag og kveld. Ei konsekvensutgreiing over dei første fire dagane viser at det blir spesielt søndag morgon som kan bli utfordrande. Då blir Gardermoen heilt stengd for all trafikk frå klokka 06.30 til 11.30.
– Dei trafikale konsekvensane vil merkast over heile landet, skriv Avinor i analysen.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #110972](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/p7uNgKwmkcE.jpg)


0 kommentarer