Kontroll på historisk stor skogbrann i Belgia

av | 20. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AFP): Etter sju dagar med innsats frå hundrevis av brannmannskap er skogbrannen aust i Belgia under kontroll. Brannen i Hautes Fagnes er den største i landet på 100 år.

– På noverande tidspunkt er brannen fullstendig under kontroll og bør ikkje spreie seg ytterlegare, med atterhald om store vêrendringar eller andre uventa faktorar, opplyser guvernøren i Liège-provinsen torsdag ettermiddag.

Tidlegare på dagen vart evakueringsordrar i området oppheva, og tyske brannmannskap som har bidrege i sløkkearbeidet, reiste heim. Noreg og Sverige har også sendt helikopterbistand.

Natt til torsdag førte kraftig vind og ein «minitornado» til at tre ramla, noko som skapte fleire utfordringar for mannskapa i det vanskelege terrenget. Store område med skog og turstiar er svidde av etter fleire veker med tørke og rekordvarme i Europa.

Brannmannskap og bønder greidde måndag å hindre at brannen spreidde seg til Tyskland.

Styresmaktene har åtvara om at det vil ta veker eller månader med ettersløkking for å hindre at brannen blussar opp på nytt.

(©NPK)