Ap: Opnar for å dele teiepliktige opplysningar for å stoppe økonomisk kriminalitet

av | 20. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Arbeidarpartiregjeringa opnar for deling av teiepliktige opplysningar og personopplysningar for å stoppe økonomisk kriminalitet.

Regjeringa sender eit nytt forslag på høyring som skal gjere det mogleg for offentlege organ å dele både teiepliktige opplysningar og personopplysningar på ein langt meir effektiv måte, skriv Justis- og beredskapsdepartementet i ei pressemelding.

– Økonomisk kriminalitet kostar Noreg enorme summar kvart einaste år. Etatane seier sjølv at dei ikkje får delt informasjon som kunne stoppa lovbrot. Med denne forskrifta tek vi eit konkret og praktisk grep som gjer at forvaltningsorgana kan dele informasjon meir effektivt og i større utstrekning enn i dag, seier justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap).

Bedrageri åleine utgjer over to milliardar kroner årleg. Forslaget legg til rette for digital og automatisert informasjonsdeling og erstattar dagens fragmenterte lovverk, som skaper uvisse og ulik praksis.

Det vil gi etatane eit heilskapleg bilete av lovbrot på tvers av sektorar og styrkje evna til å avdekkje kriminalitet, som rammar arbeidsplassar, seriøse verksemder og pengane til fellesskapen.

– Dette er eit viktig grep i kampen mot kriminelle aktørar som utnyttar arbeidslivet, seier Aas-Hansen.

Høyringsfristen er 20. november 2026.

(©NPK)