Rapport: Olje- og gassproduksjonen fell bratt frå 2030 utan store funn

av | 20. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel vil gå raskt ned om tre–fire år om ikkje selskapa investerer i nye brønnar og auka utvinning, ifølgje ein rapport frå Sokkeldirektoratet.

Ressursrapport 2026 frå Sokkeldirektoratet anslår at det står att om lag 7 milliardar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm³ o.e.) på norsk sokkel. Til no er det produsert og levert om lag 9 milliardar Sm³ o.e.

Av dei ressursane som er att, er over halvparten ikkje funne enno. Derfor må det gjerast to hovudgrep om ein ønskjer å forhindre eit bratt fall i produksjonen i åra framover: Leite etter og finne nye ressursar, og dessutan å vinne ut meir av ressursane som allereie er påviste.

– Vala som blir tekne no, avgjer korleis norsk sokkel utviklar seg dei neste tiåra. Funna dei siste åra er for små til å erstatte produksjonen frå felta som allereie er i drift, seier Kjersti Dahle, direktør for sokkelutvikling.

Sprikjande syn

Framstegspartiet meiner regjeringa må opne nye område for olje- og gassleiting,

– Produksjonsfallet nærmar seg, samtidig som enorme ressursar framleis ligg under havbotnen. Då har Noreg rett og slett ikkje råd til ein politikk som bremsar leitinga og gjer det vanskelegare å finne meir, seier Kristoffer Sivertsen i ein e-post til NTB.

Ifølgje Sokkeldirektoratet har kvar krone investert i leiting, gitt fire kroner tilbake.

– Dette handlar om langt meir enn berre olje og gass. Det handlar om arbeidsplassar, eksportinntekter og enorme verdiar som er med på å finansiere skulane, sjukehusa og Forsvaret vårt, seier Sivertsen.

Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet, meiner likevel festen er over på norsk sokkel, og at bransjen har skjønt det:

– Når pilene no peikar nedover, er det fordi selskapa ikkje har trua på ei lønnsam framtid på norsk sokkel, seier Andaur.

Enormt viktig for norsk økonomi

Administrerande direktør i NHO, Ole Erik Almlid, skriv i ein kommentar til NTB at Noreg må tenkje offensivt og ta kloke grep, ikkje minst for å bevare og vidareutvikle leverandørindustrien.

– Petroleumsverksemda er motoren i norsk økonomi med enorm betydning for verdiskaping og arbeidsplassar i Noreg. For å halde oppe aktivitet, og unngå eit for raskt fall i olje- og gassproduksjonen, må næringa sikrast gode rammevilkår og tildeling av attraktivt areal til leiting, seier han.

I tillegg må det leggjast til rette raskt om små funn skal bli henta opp. Desse må koplast til eksisterande infrastruktur for å bli lønnsame. Jo lenger ein ventar, jo større er risikoen for at infrastrukturen blir stengd og ressursane blir liggjande i bakken.

Over 90 funn på sokkelen, mange av dei små, ventar på ei avgjerd om utbygging.

Store konsekvensar

Produksjonsfallet har vore varsla i mange år, men det har stadig vorte utsett grunna store funn, som Johan Sverdrup og Johan Castberg. Utan desse to ville produksjonen på norsk sokkel vore langt lågare i dag.

Ein annan faktor er at ny teknologi og kunnskap har auka levetida og utvinningsgrada til gigantfelt som Ekofisk, Oseberg og Statfjord. Dei har dermed produsert lenger og levert meir enn opphavleg anteke.

Uansett vil produksjonen falle ganske kraftig dei neste 20 åra. Spørsmålet er kor raskt.

– Utan nye funn vil produksjonen falle raskare enn nødvendig, som er uheldig både for Noreg og for Europa som treng all den olja og gassen vi produserer, seier Almlid.

(©NPK)