Partileiarane slaktar Infantino: – Ein kjip fyr

av | 14. august 2026 | 0 kommentarer

(Daniel Lundby Olsen-Marius Helge Larsen-Frida Anine Hagen-NTB-NPK): Fleirtalet av dei norske partileiarane har lite til overs for Gianni Infantino. Men statsminister Jonas Gahr Støre vil ikkje kommentere den omstridde Fifa-leiaren.

– Han synest eg utruleg lite om. Eg håpar han tek sin hatt og går. Men det ser ikkje sånn ut. Det er altfor mykje pengar og stormannsgalskap i fotballen. Vi elskar fotball, men ikkje toppane i Fifa, seier Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NTB.

Heller ikkje Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen er særleg begeistra.

– Han er ein kjip fyr, er den korte kommentaren hennar.

– Synest du han bør få halde fram?

– Nei.

Infantino har møtt kraftig kritikk etter at han tidlegare i sommar prøvde å selje eigardelar i fotball-VM til eksterne investorar. Fotballpresident Lise Klaveness og NFF har uttrykt mistillit mot sveitsaren, og store kontinentale forbund som Uefa, AFC og Concacaf har levert eit brev der dei kallar framstøyten eit «fundamentalt tillitsbrot» og ein alvorleg svikt i dømmekraft.

Trump og Putin-samanlikning

Fungerande leiar i MDG Ingrid Liland blir oppgitt når namnet til Infantino kjem opp:

– Nei, er ikkje han ein sånn macho, autoritær fyr som Trump og Putin? Det er det inntrykket eg får. Han styrer det forbundet sånn som han sjølv vil, og blir gode venner med alle dei du ikkje vil vere gode venner med, seier ho til NTB.

– Bør han gå?

– Openbert. Han burde gått av for lenge sidan. Når du gjev deg om med autoritære venner, og er autoritær sjølv, så er det sånn det blir. Og sånn kan vi ikkje ha det i eit forbund som samlar verda.

Støre meir tilbakehalden

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) svarer meir diplomatisk:

– Eg har tenkt å ha veldig respekt for at idretten har hovudansvaret der. Der har vi jo ein fotballpresident som tek den jobben veldig på alvor, og blir respektert og høyrd verda over.

Han er likevel uroleg for utviklinga i den mektige fotballorganisasjonen.

– Eg håpar berre at fotballen kjem seg gjennom dette på ein ordentleg måte, og at det ikkje blir store splittingar. Då må fotballen leve opp til det aller finaste: nemleg at det er ein grasrotidrett, og at det er publikum og spelarar over heile verda som eig fotballen.

– Er det eitt område vi verkeleg ikkje ønskjer at det kjem splitting, så er det i fotballen.

Vil halde seg til politikk

SV-leiar Kirsti Bergstø går ikkje mot straumen:

– Han har eg ingen tillit til, og eg håpar han blir erstatta. Eg synest det finst betre alternativ enn den leiarstilen vi har sett, som både opnar opp for at fotballen skal bli endå meir for berre dei som kan betale for han og stengjer alle andre ute. Det er ei djup splitting.

Frp-leiar Sylvi Listhaug utstrålar heller ikkje veldig begeistring når namnet til Fifa-presidenten blir nemnt.

– Han er veldig omdiskutert. No er ikkje eg så inne i alle detaljar om kva som skjer i fotballverda, men eg ser at det er mange som meiner at han burde gå av. Når ein føreslår å privatisere fotballen, som bør vere allemannseige, så skjønner eg at det er sterke reaksjonar.

Ho legg til:

– Men eg prøver å halde meg mest mogleg til politikk, så får fotballen bli handtert av dei som er der.

– Fifa som bestemmer

Venstre-leiar Guri Melby meiner at Infantino står fram som ein stadig meir autoritær leiar som brukar Fifa på akkurat den måten han sjølv vil.

– Eg er redd den spinnville kommersialiseringa av fotballen vil gå ut over dei verdiane som er så viktige for oss. Denne saka viser kor viktig det er at Europa står samla, for Fifa utan Europa er mykje mindre verdt, seier ho.

– Burde han halde fram?

– Det er Fifa som bestemmer kven som skal vere president i Fifa. Det er viktig at Noreg og Uefa brukar si påverknadsmakt til å sørgje for demokratiske prosessar som faktisk fungerer, og at vi jobbar saman for eit styre av Fifa som tek vare på dei verdiane som fotballen står for.

– På tide å skifte

KrF-leiar Dag-Inge Ulstein meiner Infantino ikkje har levd opp til forventningane.

– Det er ikkje tvil om at det er mange som har grunn til å bli skuffa når dei ser kva som var bakgrunnen for at han fekk den jobben. Det var jo nærast ein kontrakt der han skulle inn og reformere.

– Burde han halde fram?

– No er det ikkje sånn at politikarar i Noreg kan bestemme det. Det er utruleg viktig at det er ein demokratisk prosess der.

Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide gjev også sveitsaren det glatte lag.

– No sit jo ikkje eg med makt i fotballverda, men eg meiner jo at det verkeleg er på tide å skifte fotballpresident.

(©NPK)