Polaris Media med sterkaste halvårsresultat på fleire år

av | 14. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Polaris Media leverte resultatvekst i mediehusa i både Noreg og Sverige i andre kvartal. Eit resultat på 96 millionar kroner er 18 millionar betre enn andre kvartal i fjor.

For første halvår i 2026 leverer Polaris Media eit resultat på 150 millionar kroner, 45 millionar kroner høgare enn i første halvår 2025. Det gir det sterkaste halvårsresultatet frå konsernet på fleire år.

– Særleg gledeleg er det at vi har snudd inntektsutviklinga i dei svenske mediehusa etter å ha jobba målretta med fleire strategiske tiltak. Samtidig gir kostnadstiltaka vi gjennomførte i tredje kvartal i fjor, god effekt, seier konsernsjef Per Axel Koch i ei pressemelding.

I Noreg var utviklinga driven av 8 prosent vekst i brukarinntektene kombinert med låg kostnadsvekst.

– Veksten i digitale brukarinntekter er framleis den viktigaste drivaren for inntektsvekst i mediehusa. Vi held fram med å investere målretta i journalistikk, teknologi og kunstig intelligens for å gi brukarane endå betre digitale produkt, seier Koch.

Koch varsla i juni at han vil gå av som konsernsjef dei neste tolv månadene, etter meir enn 30 år som toppleiar i Adresseavisen-konsernet og Polaris Media.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar