(NTB-NPK): Ungdomsråda får gjennomslag i under fire prosent av sakene, viser ein ny Oslomet-rapport.
Forskarar ved Oslomet har gått gjennom over 3000 saker behandla av ungdomsråd i norske kommunar. Funna er nedslåande, skriv Framtida.no.
– Vi har gått gjennom 3230 saker der ungdomsråda tek stilling i ei politisk sak, og i under fire prosent av sakene er det nokon samanheng mellom uttalen frå ungdomsrådet og avgjerda frå politikarane, seier Sveinung Legard, som er ein av forskarane bak rapporten.
I meir enn halvparten av kommunane som er med i undersøkinga, fann ikkje forskarane ei einaste sak der det kan bli dokumentert at ungdomsrådet har påverka utfallet. Eit viktig atterhald er at eit ungdomsråd potensielt kan påverke politikken på måtar som ikkje lèt seg dokumentere.
Legard peikar på fleire tiltak som kan betre situasjonen, mellom anna at ungdommen får tilbakemeldingar på kva som skjer med innspela deira, og at politikarar bør møte opp på ungdomsrådsmøta for å lytte til kva ungdommane seier.
(©NPK)




0 kommentarer