Det norske bidraget vil mellom anna støtte akutt helseinnsats for dei fleire tusen skadde etter jordskjelvet i Colombia denne veka. I tillegg skal pengane bli brukte på reint vatn og tiltak som skal førebyggje sjukdomsutbrot, skriv regjeringa på nettsidene sine.
– Mange menneske har mista livet i skjelvet, men om responsen ikkje er rask og god, vil skjelvet ta fleire liv i dagane og vekene framover. Derfor er det viktig å raskt få på plass reint vatn, hygieniske forhold og helsehjelp for å nemne noko. Jordskjelvet skjedde i område med omfattande humanitære behov, som raskt kan utvikle seg til ei krise om det ikkje blir handla raskt, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust (Ap).
Pengane blir henta frå reservemidlar som er sette av til humanitære kriser og blir gitt gjennom Raudekross-rørsla. Desse pengane kjem i tillegg til norske bidrag gjennom nødhjelpsfond.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #109092](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/i7cAs2x_HoA.jpg)



0 kommentarer