Ukraina og Russland utvekslar med jamne mellomrom krigsfangar, eit av dei få områda der dei to landa klarer å samarbeide.
Zelenskyj nemner ikkje Russland ved namn, men opplyser på Ukrainas frigjeringsdag at soldatane hadde vorte sette fri via Belarus.
– Vi hentar tilbake ti av krigarane våre, via Belarus. Dette er soldatar frå den ukrainske hæren og nasjonalgarden. Dei forsvarte landet sitt i Donetsk, skriv Zelenskyj på X.
Han legg til at alle dei ti var i kategorien «sakna i kamp», utan å gi nærare detaljar. Innlegget på X viser eit bilete av dei ti medan dei held ukrainske flagg.
Russland har ikkje kommentert hendinga, og det er uklart om eit tilsvarande tal på russiske krigsfangar er tilbakeførte.
Titusenvis av ukrainske soldatar og sivile er offisielt kategoriserte som «sakna i kamp», noko som betyr at dei verken er stadfesta døde eller tekne til fange av russarane.
Dei to landa har utveksla tusenvis av krigsfangar sidan den russiske invasjonen i februar 2022. Det er anslått at begge sider framleis held fleire tusen soldatar i fangenskap.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112114](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/HCkyHnVVtJQ.jpg)



0 kommentarer