Fire barn og to vaksne drepne i israelske angrep i Gaza, ifølgje helsepersonell

av | 1. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Minst fire palestinarar, blant dei tre barn, vart drepne i kraftige israelske angrep mot Gaza by under det som skal ha vore ein israelsk støtta bakkeoperasjon mot ein Hamas-agent.

To personar til, blant dei ei ti år gammal jente, vart skotne og drepne i ei anna hending sentralt på Gazastripa, ifølgje sjukehuskjelder og sivilforsvaret.

Augnevitne fortel at israelske krigsfly avfyrte minst tolv missil i nærleiken av Katiba-området vest i Gaza by tysdag. Området er svært folkerikt med internt fordrivne familiar.

Tre barn og ei kvinne vart drepne, opplyser sivilforsvaret, som er ei redningsteneste underlagd Hamas. AFP-bilete viser lika av to barn som blir borne gjennom gatene i Gaza by.

– Ein jeep stoppa midt i gata og byrja å skyte vilkårleg til venstre og høgre. Den heldt fram kuleregnet i over 15 minutt, seier Wafika al-Helou til nyheitsbyrået AFP og seier det var ei frykteleg og uuthaldeleg hending.

Eit anna augnevitne, Mutaz Abu Asr, beskriv både skyting, dronar og fem luftangrep på under tre minutt.

Israels forsvarsminister Israel Katz hevdar at ein høgståande Hamas-soldat vart teken til fange i den israelske aksjonen, men gir ingen detaljar eller namn. Ein Hamas-talsmann hevdar på si side at ein israelsk spesialstyrke prøvde å gjennomføre ein aksjon i Gaza by, men at dei vart oppdaga. Ifølgje den israelske avisa Haaretz’ kjelder var det ein israelskstøtta milits som opererte i området.

Jente skoten og drepen.

I ei separat hending vart ti år gamle Israa al-Hissi drepen aust for Deir-al-Balah sentralt på Gazastripa då israelske styrkar ifølgje helsepersonell opna eld i området, der det ifølgje lokale kjelder ikkje går kamphandlingar føre seg. Også éin annan person vart drepen, skriv nyheitsbyrået AFP.

Same morgon opplyste militæret i Israel (IDF) at dei hadde angripe fleire mål på Gazastripa. Ifølgje IDF var formålet å fjerne truslar mot israelske soldatar. Ingen israelske soldatar vart såra i operasjonen, heiter det vidare.

Mediekontoret til den Hamas-styrte Gaza-regjeringa opplyser at ein israelsk spesialstyrke prøvde å gjennomføre ein operasjon i Gaza by, men at dei vart oppdaga. Deretter gjennomførte Israel kraftige luftangrep med over ti krigsfly, og fleire personar vart drepne og såra, ifølgje direktøren i mediekontoret Ismail al-Thawabta.

Påstått drapsforsøk.

Fleire israelske medium melder at aksjonen i Katiba-området kan ha vorte utført av medlemmer av ein israelskstøtta milits som held til i israelskkontrollerte delar av Gazastripa. Ei israelsk tryggingskjelde seier at sjefen for Hamas’ tryggingsteneste vart teken til fange, noko som blir nekta for av ei kjelde i Gaza som Haaretz siterer. Sivile køyretøy i området vart angripne frå lufta for å gi dekke for israelske styrkar, ifølgje dei ikkje namngitte kjeldene.

Haaretz dokumenterte nyleg korleis Israel aktivt støttar eit nettverk av væpna palestinske grupper som blir verna av israelske soldatar på Gazastripa.

Sjølv om Israel og Hamas inngjekk ei våpenkvile i fjor haust, har Israel halde fram med å angripe det dei seier er medlemmer av Hamas inne på den delen av Gazastripa som framleis er palestinsk-kontrollert.

Over 1300 drepne under «våpenkvile».

Over 1300 palestinarar og fem israelske soldatar er drepne sidan våpenkvila tredde i kraft.

Israel har okkupert over 60 prosent av Gazastripa, og alle som hamnar på feil side av den såkalla gule linja, risikerer å bli drepne av israelske soldatar, i tillegg til at det nærast dagleg blir gjennomført angrep mot områda der palestinarane er.

Gazastripa er i realiteten delt i to, og Israel har flytta grensa mellom dei to områda stadig lenger vestover trass i våpenkvila.

(©NPK)