Åtte palestinarar drepne i nye israelske angrep

av | 28. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AFP-Reuters): Fem palestinarar vart drepne i israelske luftangrep på Gazastripa fredag. I tillegg vart tre drepne i angrep på Vestbreidda, alle medlemmer av Hamas, ifølgje IDF.

Ifølgje Nasser-sjukehuset vart tre personar som tilhøyrde den same familien, drepne i eit angrep i byen Al-Qarara aust for Khan Younis.

To palestinarar vart drepne og fleire andre såra i israelske angrep i Gaza by, mellom anna eit droneangrep mot ei gruppe menneske i bydelen Sabra, opplyser sjukehuskjelder til Al Jazeera.

Israel gjennomfører framleis daglege angrep på Gazastripa, trass i den USA-støtta våpenkvila som vart inngått i oktober i fjor.

Over 1300 palestinarar er drepne i slike angrep under våpenkvila, ifølgje palestinske helsestyresmakter.

Torsdag ettermiddag opplyste det israelske militæret (IDF) at dei også hadde gjennomført det dei beskriv som eit luftangrep mot «fleire terroristar» i Jenin-området på Vestbreidda.

Ifølgje IDF vart ein palestinar dei omtaler som Hamas-militant, i tillegg til to medhjelparar, drepne i angrepet. Ifølgje både IDF og dei palestinske helsestyresmaktene vart dei tre drepne i eit angrep mot ein bil på Vestbreidda.

Israel gjennomfører relativt sjeldan luftangrep mot mål på det nesten 6000 kvadratkilometer store palestinske territoriet.

(©NPK)