FN halverer mathjelpa til palestinarar på Vestbreidda

av | 1. september 2026 | 0 kommentarer

Medan stadig fleire palestinarar på Vestbreidda blir råka av matusikkerheit, halverer Verdsmatvareprogrammet (WFP) mathjelpa. Årsaka er alvorleg pengemangel.

FN anslår at 900 000 menneske – nesten ein firedel av den palestinske befolkninga – i dag blir ramma av matusikkerheit. For berre to år sidan var andelen 11 prosent, og sidan er hjelpebehovet meir enn dobla.

FNs matvareprogram (WFP) hjelper i dag 400 000 innbyggjarar på Vestbreidda, men frå september får berre 200 000 palestinarar mathjelp. I meldinga tysdag åtvarar WFP også om at dei kan bli tvinga til å gjere ytterlegare kutt i mathjelpa på Gazastripa, der organisasjonen hjelper 1,5 millionar menneske.

WFP treng 386 millionar dollar til, rundt 3,6 milliardar kroner, for å hjelpe om lag 2 millionar menneske som blir ramma av matusikkerheit i Gaza og på Vestbreidda det neste halvåret, opplyser FN-organisasjonen.

– Alt dette presset har vorte bygd opp i form av den økonomiske nedturen, kombinert med auka busetjarvald og angrep på land, folk mistar tilgang til husdyra og jordbrukslandet sitt, noko som no også påverkar folks mattryggleik, seier Claire Nevill, WFPs talsperson for dei palestinske områda.

Kraftig opptrapping.

Busetjarar har utsett den palestinske befolkninga for vald i årevis, ofte utan å risikere straff, men dei siste månadene har angrepa vorte trappa dramatisk opp.

– Så samtidig som situasjonen blir verre, og vi burde trappe opp for å møte behova, må vi dessverre trappe ned og i praksis halvere talet på personar som vi kan hjelpe – på grunn av mangel på finansiering, seier Nevill.

WFP påpeikar at mangel på mat tidlegare ikkje har vore noko stort problem på Vestbreidda, som har vore okkupert av Israel sidan 1967. Men dei siste åra har den «auka busetjarvalden, langvarige og eskalerande militæroperasjonar, alvorlege rørslerestriksjonar, husøydeleggingar og omfattande fordrivingar av folk på Vestbreidda brote ned palestinske levebrød», sa WFP-representant Shaun Hughes til pressa i Genève tysdag.

– Over ein tredel av befolkninga slit med å innfri grunnleggjande behov og få råd til ein næringsrik diett, seier Hughes.

Kraftig inntektsfall.

Hardast ramma er dei som bur på landsbygda og sør på Vestbreidda, viser WFPs kvartalsvise mattryggleiksanalyse. 76 prosent av hushalda på Vestbreidda er ramma av eit stort inntektsfall, og mange familiar er tvinga til å selje eigedelar og redusere talet på måltid eller kvaliteten på dei, åtvarar WFP.

Nærast dagleg angrip busetjarar palestinarar og palestinske landsbyar og set fyr på hus, bilar og avlingar. Det skjer ofte medan busetjarane blir verna av den israelske hæren. Busetjingane på Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, husar i dag rundt 700 000 israelarar og er oppretta i strid med den fjerde Genèvekonvensjonen.

– Eg har vore vitne til familiar som før blomstra og tente til livsopphald på eiga jord, no er dei tvinga frå heimane sine, og levebrødet er øydelagt, seier Hughes.

Alvorleg på Gazastripa.

Over eitt år er gått sidan FN-ekspertar erklærte hungersnød i Gaza. Snart elleve månader etter at ei våpenkvile vart inngått mellom Israel og Hamas er dei humanitære forholda framleis alvorlege. Ifølgje ferske FN-tal frå hjelpeorganisasjonane et rundt éin av fem familiar berre eitt måltid om dagen. Halvparten har gått heilt tomme for mat minst éin gong den siste månaden.

Likevel kutta WFP verdien av kontantstønaden med 40 prosent for 375 000 menneske i juli. Ytterlegare kutt er uunngåeleg med mindre organisasjonen sikrar seg nye midlar, åtvarar WFP.

(©NPK)