Statleg nyheitsbyrå: Minst tolv drepne i ukrainsk droneangrep langt inne i Russland

av | 10. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Reuters-AFP): Minst tolv menneske er drepne i ukrainske droneangrep mot den russiske byen Nizjnekamsk i Tatarstan-regionen, om lag 1600 kilometer frå den ukrainske grensa, melder RIA, eit statleg russisk nyheitsbyrå.

Ifølgje ei melding frå ordføraren i byen, Radmir Beljajev, på Telegram har ukrainske dronar ramma både industrianlegg og sivile mål. Styresmaktene kallar angrepet «massivt» og oppgir at fleire menneske er drepne.

Meldingane er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder. Ukraina har førebels ikkje kommentert opplysningane.

Fleire russiske medium melder at eit oljeraffineri er ramma. Det blir beskrive som eitt av Russlands mest teknologisk avanserte raffineri.

Samtidig har forsvarsdepartementet i Moskva meldt at dei har øydelagt 456 ukrainske dronar gjennom natta. Angrepa var retta mot rundt 15 russiske regionar og den russisk-okkuperte Krym-halvøya, ifølgje departementet.

Også i grenseregionen Belgorod blir det meldt om ukrainske angrep. Ei kvinne vart drepen då ein drone trefte eit hus i ein landsby, ifølgje styresmaktene der.

(©NPK)