SSB: Prisveksten steig til 3 prosent i juli

av | 10. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Konsumprisindeksen (KPI) steig 1 prosent frå juni til juli i år, og var i juli 3 prosent høgare enn for eitt år sidan. Det er høgare enn venta på førehand.

– I juli var det spesielt utviklinga i prisane for straum og nettleige som bidrog til å trekkje opp prisveksten. Ein varsla auke i nettleiga for fleire av dei største nettselskapa kombinert med prisvekst i alle straumprissonene utanom i nord trekte tolvmånadersveksten i konsumprisindeksen (KPI) godt opp, seier Espen Kristiansen, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Konsumprisindeksen måler prisutviklinga på varer og tenester som hushald kjøper i Noreg. Han gir eit innblikk i korleis levekostnadene til norske forbrukarar endrar seg over tid og er eit sentralt mål på inflasjon.

I mai og juni var KPI høvesvis 3,1 og 2,7 prosent.

Konsumprisindeksen (KPI) var i forkant venta å stige 2,8 prosent på årsbasis, ifølgje estimat frå fire økonomar som Finansavisen innhenta.

Noregs Bank anslo i den pengepolitiske rapporten sin frå juni ein oppgang i KPI på 3,1 prosent i juli.

Dyr straum

Prisane på elektrisitet inkludert nettleige steig heile 7,3 prosent frå juni til juli. På same tid i fjor fall prisane 2,3 prosent. Kombinert medførte det nesten 10 prosentpoeng auke på eitt år, frå juni 2025 til juli.

Utviklinga for matvareprisane viser ein auke på 3,1 prosent frå juni til juli. På same tid for eitt år sidan steig prisane likevel med 4,6 prosent. Dermed fall tolvmånadersveksten ned til 0,9 prosent for varegruppa.

– Førre gong tolvmånadersveksten i matvareprisane var under 1,0 prosent, var i mars 2022, påpeikar SSB.

– Matvareprisane hadde ein relativt høg vekst frå juni til juli også i år. Samtidig var prisveksten endå høgare på same tid i fjor, slik at matvareprisane bidreg til å dempe tolvmånadersveksten i KPI-JAE frå juni til juli, seier Espen Kristiansen.

Uvanleg auke i ferjepris

Transport vart dyrare, med prisvekst på passasjertransport med fly, båt og pakkereiser.

Passasjertransport med båt vart 12,8 prosent dyrare frå juni til juli.

– I år vart det innført sommartakstar på fleire ferjestrekningar, også dei som i utgangspunktet var gratis. Det gav ein uvanleg sterk prisvekst på ferjetransport, rett nok frå eit lågt nivå, seier Kristiansen.

I feriemånaden juli var det fleire reiserelaterte prisar som trekte den samla prisveksten opp.

Prisane på passasjertransport med fly steig 11,2 prosent frå juni til juli, same månadsvekst som mellom mai og juni. Dette er vanleg, prisane på flyreiser stig ofte i juli månad.

Prisane på passasjertransport med fly var i juli 2,9 prosent høgare enn for eitt år sidan.

Talet for prisveksten er blant dei viktige indikatorane som Noregs Bank ser på før dei skal vurdere ein eventuell auke av styringsrenta.

(©NPK)