Etter tre månader med prisfall steig prisane igjen i Oslo i juli, melder Obos i ei pressemelding. Så langt i år har prisane gått opp med 1,9 prosent, ifølgje selskapet.
– Obos-prisane pleier å stige i Oslo i juli, men sett i forhold til den svake utviklinga dei siste månadene, eit høgt bustadtilbod og det historiske snittet for prisutviklinga i juli, var dette meir enn venta, seier sjeføkonom Sissel Monsvold i Obos.
Ho meiner delar av oppgangen kan forklarast med at det vart selt fleire små leilegheiter og markant færre fireromsleilegheiter i Oslo i juli enn i juni. Det trekkjer opp prisane då dei små leilegheitene har høgare kvadratmeterpris enn dei store.
Samtidig må julitala tolkast med varsemd fordi det er færre omsetningar denne månaden enn elles i året, forklarer ho.
– Vi trur prisane vil stige noko i august før dei fell noko gjennom hausten, noko som også er vanleg sesongmønster. Prisutviklinga i år ligg an til å bli markant svakare enn vi såg for oss då 2026 starta, spesielt i Oslo. Det må sjåast i lys av at forventa rentenedgang vart snudd til renteoppgang og at bustadtilbodet har vore svært høgt, avsluttar Monsvold.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #105492](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/RtUJdJ-UGP4.jpg)



0 kommentarer