Filmfestivalen blir sparka i gang søndag 23. august. Der vil regissøren vere til stades på raud løpar saman med skodespelarane i filmen, blant dei Kirsti-Helene Engeberg som speler hovudrolla.
Jon Fosse skal etter planen ikkje vere med på premieren, opplyser festivalen til NTB.
– «Kjærast» er ei kjærleikshistorie full av det usagde, ømheit og mystikk – umiskjenneleg Jon Fosse. Samtidig er det kanskje den mest opne døra inn til universet hans for dei som enno ikkje har oppdaga kven han er, seier regissør Poppe i ei pressemelding.
Filmen er basert på nobelprisvinnarens einaste originalskrivne spelefilmmanus, som han skreiv for over 25 år sidan. Handlinga i filmen finn stad i ein liten kystby på Vestlandet og handlar om kjærleik, sakn og avstand.
– Historia kunne ikkje vorte filma nokon annan stad enn på det vakre Vestlandet, og derfor er Haugesund den perfekte staden å la denne filmen få møte publikum for første gong, seier Poppe.
Forfattar og dramatikar Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur i 2023, og verka hans verk er omsette til meir enn 50 språk.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #105514](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/kkwQg-gR7WI.jpg)



0 kommentarer