Noregs eldste er død – 111 år gammal

av | 3. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Noregs eldste person, Lina Anundsen, sovna inn på sjukeheimen i Telemark søndag. Ho vart 111 år gammal.

Det skriv Telemarksavisa og VG måndag.

Anundsen vart fødd i Siljan i Telemark i 1914. Ho gifta seg i 1934, og ekteskapet varte heilt til 2002, då ektemannen døydde.

Dei fekk seks barn, og alle lever framleis. Den eldste er 91 år gammal.

Anundsen har vore Noregs eldste person sidan årsskiftet, då Margit Larsen i Odda gjekk bort. Slumpen skulle ha det til at både Anundsen og Larsen vart fødd på den same novemberdagen i 1914.

(©NPK)