40.000 rådyrjegerar er klare: Bukkejakta er i gang

av | 10. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Jørgen Aanensen): Måndag startar bukkejakta. Det er eit sikkert teikn på at hausten står for døra og at jaktsesongen er i gang for alvor.

Startskotet er til glede for dei 184.000 nordmennene som betalte jegeravgifta i fjor.

40.000 av desse jaktar på rådyr gjennom ein sesong, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Størsteparten av rådyrjegerane bur i Trøndelag, der heile 7800 håpar å felle eit eksemplar av den talrike arten.

Det er i første omgang berre lov å jakte rådyr med gevir. Først 25. september startar den ordinære rådyrjakta.

Den noverande bestanden av rådyr etablerte seg i Noreg på slutten av 1800-talet, og mellom 120.000 og 180.000 rådyr lever i landet i dag.

– I forhold til mykje anna matvilt her i landet er rådyret ein nykommar, seier Line Lillebø Osfoss, som er informasjonssjef i Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF).

Millionar av middagar

Viltkjøtt er ikkje uvanleg kost på mange norske middagsbord. Det vart felt nærare 28.000 rådyr i fjor, og storviltjakt, som også omfattar jakt på elg, hjort og villrein, bidreg til minst 22 millionar middagsporsjonar i norske heimar, skriv NJFF.

Andre jegerar må vente litt lenger før dei kan opne våpenskapet. Reinjegerane må la rifla liggje i ro til 20. august.

Lenge til elgjakta

Frå og med 21. august er det lov å jakte ringduer og grasender i ferskvatn, og 1. september startar hjortejakta.

Først 10. september er det lov å felle småvilt som rype, skogsfugl og hare.

Elgjegerane må halde på tolmodet fram til 25. september. Då startar elgjakta og den ordinære rådyrjakta, der det også er lov å felle rådyr utan gevir.

(©NPK)