Medan salet av bilar i USA auka, bremsa bilsalet i den kinesiske marknaden. I Europa låg bilsalet stabilt.
– Salsresultatet frå selskapet for perioden vart kraftig påverka av nedgangen i den kinesiske marknaden, skriv den svenske bilprodusenten i kvartalsrapporten.
Stabil etterspurnad etter elbilar er det som driv salsutviklinga i Europa, blir det fastslått.
– Vi har sett ein vedvarande auke av kundebestillingar på dei heilt elektriske bilane våre, seier kommersiell sjef Erik Severinson.
Salet av elbilar og ladehybridar auka med 15 prosent til 53 prosent i perioden. For elbilar åleine auka talet på selde bilar med 21 prosent til 27 prosent.
Frå januar til juli vart det selt over 6000 Volvo-bilar i Noreg.
Volvo Cars’ majoritetseigar er kinesiske Geely Holding.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #105763](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/PZfkXJSLJBw.jpg)



0 kommentarer