– Elbilane er på god veg til å bli det føretrekte valet i Europa, og det er godt nytt for både klima og miljø. Utviklinga kjem nok av både nye og betre elbilmodellar og dyrare drivstoff, seier generalsekretær Christina Bu i Elbilforeininga i ei pressemelding.
Samanlikna med første halvår i fjor har marknadsdelen auka med 4,8 prosentpoeng til heile 22,2 prosent i EU, Efta og Storbritannia, ifølgje den europeiske bilbransjeorganisasjonen ACEA. Dette er den hittil høgaste registrerte marknadsdelen for eit halvår.
Danmark og Finland har sett ein kraftig vekst i elbilsalet, og Danmark ligg no på andreplass etter Noreg med ein elbilandel på 79,9 prosent.
I Tyskland og Frankrike voks elbilsalet i første halvår med høvesvis 48 og 63 prosent samanlikna med same periode i fjor. Dette er dei største bilmarknadene i Europa og står åleine for om lag ein tredel av nybilsalet i Europa.
Landa med høgast elbilandel i Europa i første halvår 2026:
* Noreg: 97,6 prosent (71.654 selde elbilar i første halvår), +1 prosent
* Danmark: 79,9 prosent (80.707), +41 prosent
* Finland: 47,8 prosent (17.797), +40 prosent
* Island: 42,4 prosent (3.180), +35 prosent
* Sverige: 41,5 prosent (58.801), +18 prosent
* Nederland: 36,4 prosent (64.320), 0 prosent
* Belgia: 36,1 prosent (83.282), +8 prosent
* Luxembourg: 29,2 prosent (7.745), +18 prosent
* Malta: 28,6 prosent (1.051), +35 prosent
* Frankrike: 28,2 prosent (241.562), +63 prosent
* Portugal: 25,3 prosent (34.706), +39 prosent
* Storbritannia: 25,0 prosent (284.579), +27 prosent
* Tyskland: 24,8 prosent (368.006) +48 prosent.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #103870](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/gJdXVuDPzco.jpg)



0 kommentarer