– Vi må kutte i levekostnadene for folk, og her vil Raudt sjå på alle tiltak. Nødvendige utgifter i kvardagen til mat, straum, bustad og helse rammar mange no. Vi avviser heller ikkje å forlengje kutt i drivstoffavgiftene, dersom det trengst for å halde prisane på eit akseptabelt nivå, seier partileiar Marie Sneve Martinussen til NTB onsdag.
Uttalen kjem etter at debatten om drivstoffavgiftene har blussa opp igjen. Arbeidarpartiet har kalla inn til eit møte torsdag med budsjettpartnarane SV, Sp, Raudt og MDG for å snakke om krigen i Midtausten og situasjonen i energimarknadene.
Møtet finn stad klokka 12, opplyser Tuva Moflag (Ap), leiar av finanskomiteen, til NTB. Ho omtaler det som ei oppfølging av semja i revidert nasjonalbudsjett.
– Eg ser fram til å møte dei andre avtalepartnarane for å følgje opp dette punktet slik vi er samde om.
Sp: – Naturleg å reagere
I vår braut Senterpartiet med dei raudgrøne partia og gjekk saman med Høgre, Frp og KrF for å kutte drivstoffavgiftene mellombels fram til 1. september. Då låg prisane på bensin og diesel rundt 25 til 30 kroner literen som følgje av Iran-krigen, medan dei i dag er under 20 kroner literen.
For seks veker sidan inngjekk Sp ein ny budsjettavtale med Ap, SV, Raudt og MDG der avgiftene etter planen skal auke igjen når den mellombelse perioden er over.
Overfor Nettavisen antyda Senterpartiet tysdag at det kan vere aktuelt å bryte med budsjettavtalen igjen.
– Senterpartiet har vore tydelege heile vegen på kva vi meiner. No ser vi at det framleis er uvisse om det som skjer i Midtausten og korleis det vil påverke drivstoffprisane. Då er det naturleg for oss å reagere på det. Men vi skal vere ryddige og snakke med partia som står bak budsjettet først, seier parlamentarisk nestleiar Geir Pollestad i Senterpartiet til avisa.
– Ganske kaotisk
Førebels ser det uansett ikkje ut til å vere fleirtal på Stortinget for å forlengje avgiftskutta, så lenge Høgre stiller seg imot.
– Skulle det oppstå ei ny krise, så vil vi sjølvsagt sjå på og vere med på å diskutere eventuelle tiltak, og ikkje utelukke det. Men det er ikkje noko i den situasjonen vi har i dag, som tilseier det, sa Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide i Politisk kvarter på NRK onsdag morgon.
– Det er viktig å hugse på at då dette vart avtalt i Stortinget, så vi på ein oljepris som låg opp mot 120 dollar fatet. På måndag var oljeprisen 84 dollar fatet, sa Søreide.
På spørsmål om Høgre vil stemme for ei forlenging dersom Sp bryt ut av budsjettavtalen, svarer ho ikkje heilt på spørsmålet:
– Viss Senterpartiet endå ein gong vil bryte ut av ein avtale dei har gjort med regjeringa, så vil situasjonen i Stortinget bli ganske kaotisk, og då har regjeringa mista kontrollen, seier Høgre-leiaren, og viser til at ballen ligg hos dei raudgrøne partia.
Frp og KrF vil forlengje
Tysdag gjekk Framstegsparti-leiar Sylvi Listhaug ut og kravde ei forlenging av avgiftskutta. Ho åtvara om bensin- og dieselprisar på rundt 30 kroner literen om det ikkje blir teke grep.
– Det er heilt uakseptabelt. Vi vil ta initiativ til at kutta blir forlengde og forsterka ut året, sa ho til VG.
KrF har uttrykt at dei ønskjer å føre vidare kutta. MDG seier klart nei og grunngir det med at det ikkje er ei priskrise på bensin og diesel no, slik det var i vår.
SV seier at dei med situasjonen i dag ikkje opnar for å forlengje drivstoffkutta, men vil diskutere det viss situasjonen endrar seg.
– SV møter sjølvsagt for å diskutere situasjonen. Krigen i Midtausten skaper uvisse i energimarknadene. Dersom det blir nødvendig å ta grep, må tiltaka vere målretta og mellombelse, ikkje permanente svekkingar av klimapolitikken. SV vil både skjerme folks økonomi og halde fast ved klimamåla. Det er fullt mogleg å gjere begge delar, seier Marthe Hammer, SVs finanspolitiske talsperson, til NTB.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106231](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/djGBX7nwnCo.jpg)



0 kommentarer