Norsk Tipping: Ingen mistanke om kvar angrepa kjem frå

av | 5. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK) Norsk Tipping har vorte ramma av to dataangrep dei siste dagane. Dei veit ikkje kven som står bak, men har meldt angrepa.

Det seier seniorkommunikasjonsrådgivar Anne Marit Sletten til NRK.

Det dreier seg om tenestenektangrep (DDoS-angrep), som er eit dataangrep som overbelastar ei nettside eller server med falsk trafikk frå mange maskiner, slik at ho sluttar å verke for vanlege brukarar.

Søndag vart Oddsen hos Norsk Tipping stengd som følgje av eit angrep, og tysdag skjedde eit nytt dataangrep.

Utover trafikkork på nettsida og i appen har ikkje hendingane hatt andre konsekvensar for Norsk Tipping.

– Ved ekstraordinære hendingar som dei siste dagane, samarbeider vi godt med Telenor for å filtrere bort angrepstrafikken, seier Sletten.

(©NPK)