Overgrepssikta lærar tidlegare mistenkt i to bortlagde straffesaker

av | 5. august 2026 | 0 kommentarer

(Maria Möhring-NTB-NPK) Læraren i Akershus som er sikta for seksuelle overgrep mot barn, var mistenkt i to tidlegare saker som vart lagde bort, opplyser politiet.

– Det er snakk om to tidlegare straffesaker frå 2024 og 2025 som er lagt bort, skriv politiet i ei pressemelding onsdag.

Hendinga mannen no er sikta for, skjedde i 2019. Det var ei kvinne i 20-åra som melde hendinga som skjedde då ho var i tenåra.

Politiet etterforskar om det har skjedd liknande hendingar både før og etter dette.

Dei to bortlagde sakene gjeld forhold frå endå lenger tilbake i tid, opplyser politiet. Mannen er aldri tidlegare straffedømd.

Var med på konfirmasjonsleir

– Politiet kan stadfeste at den sikta har vore i søkjelyset til politiet tidlegare for upassande kontakt med jenter han har hatt ein profesjonell relasjon til. Det er naturleg å sjå desse forholda i samanheng med den nye saka, seier politiadvokat Marit Sørby.

Den sikta mannen har drive med frivillig arbeid i to kyrkjelydar, der han mellom anna skal ha vore involvert i ungdomskor og konfirmasjonsleir.

Tysdag melde Vårt Land at ein av kyrkjelydane hadde fått varsel på mannen. Det tidlegaste varselet skal ha komme for tre år sidan, og det seinaste så seint som i sommar.

Kyrkja har tidlegare sagt at mannen aldri jobba åleine med ungdommar.

Mange tips

Politiet har tidlegare opplyst at dei har fått fleire tips i saka.

– Vi har fått inn tips som gjer at vi trur det kan leie til fleire fornærma. Vi har konkrete namn, sa politiadvokat Camilla Elvevoll til Dagbladet tidlegare.

Mannen vart pågripen onsdag førre veke og sit varetektsfengsla. Han erkjenner ikkje straffskuld.

(©NPK)