Læraren i Akershus som er sikta for seksuelle overgrep mot barn, fekk halde fram sitt frivillige arbeid i to kyrkjelydar sjølv om kyrkja hadde fått varsel om han, skriv Vårt Land.
Måndag vart det kjent at ein mannleg lærar ved ein skule i Akershus er sikta for seksuelle overgrep mot barn mellom 14 og 16 år. Han er også sikta for å ha misbrukt overmaktforholdet sitt for å oppnå seksuell omgang med mindreårige.
Den mannlege læraren skal ha engasjert seg som frivillig i to lokale kyrkjelydar, mellom anna i ungdomskor og på konfirmasjonsleir.
No opplyser éin av dei til Vårt Land at dei fekk fleire varsel om mannen. Det tidlegaste varselet skal ha komme for tre år sidan, og dei seinaste så seint som i sommar.
Tilgitt av kyrkja
Eitt av varsla vart melde av kyrkja, men saka vart seinare lagd bort av politiet, skriv avisa.
Etter at kyrkja melde forholdet, vart mannen suspendert frå alt frivillig arbeid, ifølgje kyrkjeverja.
– Dette vart behandla på kyrkjeleg fellesrådnivå, i samsvar med Den norske kyrkjas retningslinjer, opplyser han.
Han vart likevel tilgitt tolv månader seinare, og tok deretter del i kyrkjebandet til kyrkjelyden.
– Som kyrkje er vi opptekne av å gi folk som angrar og ber om tilgiving ein ny sjanse. Hadde eg visst det eg veit i dag, hadde han sjølvsagt ikkje fått lov til det, sa kyrkjeverja til Vårt Land.
Ifølgje forsvararen til mannen, Tone Monclair, er mannen klar over påstanden om varsel. Ifølgje avisa har han ikkje ønskt å kommentere dette.
Politiet trur det er fleire offer
Hendinga mannen no er sikta for, skjedde i 2019. Det var ei kvinne i 20-åra som melde hendinga som hende då ho var i tenåra, opplyser politiadvokaten.
Politiet etterforskar om det har skjedd liknande hendingar både før og etter dette.
– Vi har fått inn tips som gjer at vi trur det kan leie til fleire fornærma, seier politiadvokat Camilla Elvevoll til Dagbladet.
Dei har konkrete namn, opplyser ho.
Vil sjå sakene i samanheng
Politiadvokat Elvevoll i Aust politidistrikt opplyser overfor Vårt Land at dei vil sjå på den bortlagde saka på nytt i samband med etterforskinga.
– Den sikta har vore i søkjelyset til politiet tidlegare for upassande kontakt med jenter han har hatt ein profesjonell relasjon til. Det er naturleg å sjå desse forholda i samanheng med den nye saka, seier ho.
Mannen vart pågripen onsdag førre veke og sit varetektsfengsla.
(©NPK)




0 kommentarer