NSM: IT-forstyrringar var ikkje eit alvorleg dataangrep

av | 4. august 2026 | 0 kommentarer

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) meiner tenesteknektangrepet mot offentlege tenester natt til måndag ikkje var eit skadeleg dataangrep.

Tenester som ID-porten, Helsenoreg og Altinn vart natt til måndag utsett for eit tenestenektangrep (DDoS). Det medførte trøbbel for brukarar som skulle logge inn på offentlege tenester.

– Tenestenektangrep er ikkje farleg. Det er irriterande, skriv avdelingsdirektør for operativ cybertryggleik i NSM, Martin Albert-Hoff, i ei fråsegn til NTB.

Han forklarer at denne typen angrep som regel handlar om merksemd, ikkje om å påføre skade.

Teknisk samanliknar Albert-Hoff det med ein motorveg som har avgrensa plass. Dersom det kjem mykje trafikk i same retning, vil det føre til trafikkork, som igjen fører til tregleik før alt stoppar heilt opp.

– Det er den typen trafikkork desse nettstadene blir utsette for. Nokon sit ein stad og sender massivt med trafikk i same retning. Dette er sjeldan langvarig, det får heller ikkje store konsekvensar reint teknisk. Med andre ord er det ingen som har komme seg inn i datasystema. Derfor burde ikkje tradisjonelle tenestenektangrep oppfattast som spesielt dramatisk, meiner Albert-Hoff.

Fleire norske verksemder har vore plaga av tenestenektangrep den siste tida. NSM tilrår verksemder med opne og tilgjengelege nettsider å setje seg inn i korleis dei kan forebygge tenestenektangrep.

(©NPK)