Lågaste vasstand på 20 år – fyllingsgrada litt opp i veke 31

av | 5. august 2026 | 0 kommentarer

Fyllingsgrada i vassmagasina var i veke 31 på 62,8 prosent, litt opp frå veka før. Det er framleis lågt for årstida, og NVE ber kraftprodusentar ta ansvar.

I dag la Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE fram dei oppdaterte tala som viser at fyllingsgrada i Noreg totalt har auka med eitt prosentpoeng frå veke 30, men at ho fell i sør. Ho er på det lågaste nivået på over 20 år.

Låg fyllingsgrad betyr at det er mindre vatn til kraftproduksjon og kan bidra til at kraftprisane blir høgare enn dei elles ville ha vore.

– Det er viktig at kraftprodusentane tek inn over seg ansvaret dei har for forsyningstryggleiken når dei disponerer vatnet framover. Vi veit ikkje no om hausten blir våt eller tørr. Vi må ha igjen nok vatn til å dekkje kraftbehovet for vinteren, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund i ein kommentar til NTB.

Om nødvendig vil NVE innføre ei rapporteringsordning for kraftprodusentane.

Geografisk variasjon

Fyllingsgrada varierer geografisk. I prisområda for Sørlandet, Vestlandet og Midt-Noreg er ho lågare enn på over 20 år.

I sør og vest har magasinfyllinga falle endå litt etter ein tørr juli, medan situasjonen i Midt-Noreg er noko forbetra. Nord-Noreg skil seg ut, med rekordhøg fyllingsgrad.

– I ein situasjon med lågare magasinfylling enn normalt og mykje uvisse internasjonalt må vi rekne med at kraftprisane kan bli høge gjennom hausten og vinteren, seier Lund.

Fleire faktorar

Samtidig er det meir enn berre fyllingsgrada som avgjer kraftprisen.

– Mellom anna kan mengda vindkraftproduksjon, forbruksnivået og prisnivået i nabolanda våre påverke, seier seksjonssjef i NVE, Magnus Buvik, til NTB.

Dessutan kan faktorar utanfor Noreg påverke straumprisane her. Det er tørke og problem med kraftproduksjon i Europa, samtidig som krigane i Ukraina og Midtausten påverkar prisane på olje og gass.

– Sjølv om dette gir høgare kraftprisar, vurderer vi utsiktene for krafttilgang på kontinentet framover som gode, og dermed også importmoglegheitene for kraft. Samtidig lever vi i ei usikker tid med naturkatastrofar og geopolitisk uro. Vi vurderer situasjonen i det europeiske kraftsystemet fortløpande, seier seksjonssjef i NVE, Buvik.

Ikkje som i 2021/2022

Han understrekar at situasjonen er ein annan enn for 4-5 år sidan. Sommaren og hausten 2021 starta ei markant stigning i straumprisane i Noreg, særleg i sør, etterfølgd av prissjokk i 2022, med store variasjonar. Sør-Noreg opplevde historisk høge prisar. Den høgaste månadlege straumprisen vart registrert i NO2 (Sørvestlandet) i august der straumprisen enda på 543,11 øre/kWh.

– Samanlikna med situasjonen i 2021/2022 er mykje annleis. Gassprisane er framleis langt lågare enn vi såg i 2021/2022, EU har redusert gassforbruket mykje og auka kapasiteten for å importere LNG stort som erstatning for russisk røyrgass. Dette gir større fleksibilitet når det gjeld import av gass, seier Buvik.

Bør vurdere tiltak

NVE oppmoda for to veker sidan vassverkseigarar, brønneigarar og andre som tek ut vatn, om å følgje utviklinga, og understreka at vassmangel kan ramme mange forbrukarar og viktige samfunnsfunksjonar. NVE oppmodar derfor eigarar av mellom anna setjefiskanlegg, vassverk og brønnar til å vurdere vassparande tiltak dersom vassmagasina er uvanleg låge.

– Låg fyllingsgrad kjem i stor grad av at det har vore rekordlite snø i vinter. Dette har gitt mindre tilsig frå snøsmeltinga gjennom våren og sommaren. I juli har det også vore relativt lite nedbør, som er normalt om sommaren. I same periode har kraftprodusentane i Sør-Noreg produsert omtrent like mykje som det som historisk har vore snitta for perioden. I sum har det gitt veker med nedgang i magasinfyllinga i sommar, seier Buvik.

Behov for svært mykje nedbør

Spørsmålet er om det kan bli tilstrekkeleg med nedbør dei neste månadene, slik at fyllingsgrada aukar før snøen og vinteren kjem. Meteorologisk institutt har allereie spådd at det ikkje blir spesielt mykje regn dei neste tre månadene.

– Store delar av Sør-Noreg vil mest sannsynleg få ein tørrare sesong enn normalt for denne årstida. For Nord-Noreg sin del indikerer varselet at det meir sannsynleg blir ein våt sesong. Det same gjeld Spitsbergen, var beskjeden i sesongvarselet for hausten.

Silje Eriksen Holmen, leiar for fundamentalanalysar og hydrologi i Volt Power Analytics, seier til Teknisk Ukeblad at det må ein veldig våt haust til for at vassmagasina skal fyllast opp til det normale.

– Om vi får ein tørr haust, aukar spriket mellom marknadsprisen og det folket betaler, og det blir dyrare for staten, seier ho, med tilvising til noregspris og straumstøtteordninga for bustader og hytter.

(©NPK)