Vikingskipsgrav på Karmøy blir denne veka opna og undersøkt

av | 5. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): Skipsgravhaugen Grønhaug på Karmøy blir denne veka opna og undersøkt av arkeologar med eit ønske om å få meir kunnskap.

– Vi ønskjer å få vite meir om Grønhaug og få ny kunnskap om det historisk viktige kulturlandskapet langs Karmsundet og ein mogleg nominasjon til verdsarven. Det er enno mykje vi ikkje veit om denne skipsgravhaugen, seier riksantikvar Hanna Geiran i ei pressemelding.

Grønhaug vil bli undersøkt av arkeologar frå Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger på oppdrag frå Riksantikvaren og i samarbeid med Rogaland fylkeskommune.

– Dette blir utruleg spennande, og eg gler meg stort. Dette er som julaftan for alle oss som er glade i den norske vikingarven, seier Geiran.

Grønhaug vart sist undersøkt i 1902, og det vart då funne ei skipsgrav frå andre halvdel av 800-talet.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar