Rapport om barnevernet og kriminelle: Raudt krev svar frå regjeringa

av | 25. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen krev svar frå regjeringa om ein rapport om koplingar mellom kriminelle nettverk og private barnevernsinstitusjonar.

Klassekampen har fått tilgang til rapporten, som er skriven av A-krimsenteret i Tønsberg og førebels ikkje offentleggjord.

– Barnevernet skal ta vare på dei mest sårbare barna våre. Det er sjokkerande og uakseptabelt at kriminelle nettverk har vorte sleppte inn i velferdsstaten, seier Martinussen til NTB.

Ho krev at rapporten blir offentleggjord, og at Stortinget får ei forklaring frå regjeringa om saka. Også SV, Frp og MDG har sendt eller vil senda skriftlege spørsmål til barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap), ifølgje NRK.

Rapporten avdekkjer at det jobbar personar med tilknyting til kriminelle miljø i ei rekke private barnevernsføretak i Søraust politidistrikt, ifølgje Klassekampen, som omtalte funna måndag.

I ein e-post til avisa skriv Vågslid at saka verkar alvorleg.

– Vi har sett i gang ei rekke prosessar på grunnlag av dei førebelse funna. Barna i barnevernet skal vera trygge, og pengane skal brukast på dei. Useriøse og kriminelle aktørar har ingenting i barnevernet å gjera, skriv ho.

Departementet hennar opplyser at rapporten vil bli klargjord for offentleggjering denne veka.

(©NPK)