39 skadde etter tornado i Sør-Frankrike

av | 25. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK- NTB-AP): Ein tornado rasa gjennom den vesle landsbyen Pomas i Sør-Frankrike måndag. 39 personar er skadde, og over 300 heimar er øydelagde, melder AP.

Av dei 39 skal to vera kritisk skadde, opplyser lokale styresmakter.

Redningsmannskapa leitar framleis i ruinane tysdag, men ingen er så langt melde sakna. 1400 husstandar er framleis utan straum etter tornadoen.

Pomas har om lag 1000 innbyggjarar og ligg i Aude-departementet i regionen Occitanie heilt sør i Frankrike.

Det vart sett opp mellombelse overnattingssenter for dei som vart evakuerte.

Tornadoen hadde vindkast på over 100 kilometer i timen, ifølgje målingar frå ein lokal vêrstasjon. Det vart skrive ut farevarsel før uvêret.

Ifølgje Météo-France, den nasjonale vêrtenesta, dukkar det opp nokre tital tornadoar kvart år på det franske fastlandet, dei fleste av låg intensitet.

(©NPK)