CBS News: CIA-sjefen på hemmeleg besøk i Moskva

av | 25. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Reuters-AFP): CIA-sjef John Ratcliffe besøkte tysdag Moskva, melder CBS News.

Flydata viste i morgontimane tysdag at eit militært amerikansk transportfly tok av frå Riga i Latvia og landa på Vnukovo-flyplassen utanfor Moskva vel ein time seinare.

Kven som var om bord i den uvanlege flyginga, var først uklart, men CBS News siterer kjelder som opplyser at det var John Ratcliffe, sjefen for den amerikanske etterretningsorganisasjonen CIA.

Ein amerikansk tenesteperson stadfesta det same overfor nettavisa Axios.

Tysdag kveld vart det meldt at det same flyet hadde forlate Russland.

Det er første gongen Ratcliffe besøkjer Moskva sidan han tok over som CIA-sjef i januar i fjor, men det er ikkje kjent kven han hadde møte med på russisk side.

Verken CIA, Det kvite hus eller Kreml har kommentert besøket.

Sist ein CIA-sjef besøkte Moskva, var i november 2021. Forgjengaren til Ratcliffe, William Burns, åtvara den gongen president Vladimir Putin mot å invadera Ukraina.

(©NPK)