80 år 20. oktober: Arkitekt Lars Endre Anda, Nyresbaret 2, 5700 Voss

av | 14. oktober 2026 | 0 kommentarer

Lars er fødd på Voss og vart ferdig utdanna ved NTH i Trondheim i 1976. Etter endt utdanning har han i 50 år og fram til dags dato drive arkitektkontoret Anda & Hirth på Voss saman med kollega Styrk Hirth. Kontoret har hatt meir enn 2000 ulike og varierte oppdrag,

Lars er fødd på Voss og vart ferdig utdanna ved NTH i Trondheim i 1976. Etter endt utdanning har han i 50 år og fram til dags dato drive arkitektkontoret Anda & Hirth på Voss saman med kollega Styrk Hirth. Kontoret har hatt meir enn 2000 ulike og varierte oppdrag, både lokalt og i Vestlandsregionen elles, i desse åra. Privat har han gjennom mange år vist stor entusiasme og innsikt i restaurering og vedlikehald av dei mange gamle husa, mellom anna eit eldhus frå 1600-talet, på tunet på farsgarden Heimbere på Voss. Jubilanten var ein habil idrettsutøvar innan alpint og fotball i 18 sesongar i Fotballklubben Voss. Mykje fritid vert framleis nytta til jakt og mange og lange turar i fjellet, både på ski og til fots. Han er gift og har ein son og tre aktive barneborn.

(©NTB)