– Eg har nettopp vorte informert av den amerikanske marinen om at alle miner er fjerna og/eller detonerte i internasjonalt farvatn i Hormuzsundet, skriv Trump på Truth Social tysdag.
– Iran er varsla om at alle skip eller fartøy som legg ut nye miner, med ein gong og systematisk vil bli øydelagde, legg han til.
– Gjennom Space Force overvaker vi kvar einaste kvadratcentimeter av sundet, åtvarar Trump.
Også 18. august hevda Trump i eit innlegg på Truth Social at alle sjøminer var fjerna frå Hormuzsundet, men skipstrafikken tok seg ikkje opp av den grunn.
Berre eit fåtal skip passerer no dagleg gjennom det strategisk viktige sundet, medan det før krigen passerte over 50 skip i døgnet.
Måndag passerte berre to skip, det lågaste talet sidan byrjinga av mai, ifølgje Kpler, som sporar og analyserer skipstrafikk.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112580](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/wqP0OQG3woM.jpg)



0 kommentarer