(NPK-NTB): Politiets tryggingsteneste (PST) registrerer auka nettverksdanning blant ekstreme islamistar i Noreg og ein auke av mindreårige som blir eksponerte for ekstrem islamistisk ideologi.
– Overordna er terrortrusselnivået uendra, det er moderat, det vil seie nivå 3 av 5. Men vi ser ei negativ utvikling når det gjeld ekstrem islamisme, og det er auka nettverksdanning og at dei blir tettare forbundne, seier kontraterrorsjef Ane Mannsåker Roald til NTB.
Ho er i Arendal for å fortelje om trekk ved ekstremisme og radikalisering i Noreg. Saman med justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) vil Politiets tryggingsteneste (PST) rette merksemda mot at unge kan radikaliserast mykje raskare enn det ein tidlegare har sett.
Det er registrert høg angrepsaktivitet blant ekstreme islamistar i Vesten og Europa dei siste åra. Også i Noreg ser PST ei utvikling der enkeltpersonar støttar og aksepterer bruk av vald, og som har ei ekstrem islamistisk overtyding.
– No ser vi at desse sambanda har auka aktivitet, auka kontakt og større kontaktflater mot kvarandre. Det er det eine utviklingstrekket vi ser som gjer at vi seier at dette peikar i feil retning.
– Det gjeld i og for seg også for høgreekstremistar, at det er mange mindreårige som blir utsette for den typen ideologi òg. Og fellestrekket for begge grupper er at dei også konsumerer mykje grov vald på nett. Dei får bilete og videoar av grov vald og tortur rett inn på mobilane sine, som på ein måte senkar terskelen for kva som er normalt, seier kontraterrorsjefen.
(©NPK)




0 kommentarer