Totalt vart 879 klager behandla av politidistrikta og særorgana i fjor. Av desse vart det funne «grunnlag for kritikk» i 44 saker (5 prosent), noko som er ein lågare del enn dei førre åra, skriv politiet i ei pressemelding.
Det vart behandla 29 klager med påstand om diskriminering, og éi sak enda med kritikk. I tillegg behandla Politidirektoratet (POD) 58 klager og fann grunnlag for kritikk i fire av dei.
Totalt vart 165 saker vurderte som «uheldige, men ikkje grunnlag for kritikk».
‒ Gjennom klageordninga har politiet ei kjelde til å identifisere feil og uheldig praksis. Men sjølv om tenesteutførselen reint objektivt ikkje blir rekna som kritikkverdig, kan klaga gi innspel for god fagleg utvikling. Klager er derfor ofte viktige for erfaringslæring, seier avdelingsdirektør i Politidirektoratet Bjørn Vandvik.
Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for klagene var 31 dagar.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #108385](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/MIwgxT_QnzM.jpg)



0 kommentarer