(NPK-NTB-AFP): Russlands president Vladimir Putin truar med å beslagleggje skip tilhøyrande europeiske land, som svar på EUs planar om å selje last frå beslaglagde russiske «skuggeflåte»-fartøy.
Putin kallar dei europeiske aksjonane for piratverksemd og tjuveri.
– Vi vil bli tvinga til å svare med same mynt, seier han.
Presidenten legg til at Russland vil handle kvar som helst der dei sjølv reknar det som nødvendig og formålstenleg.
Nye EU-sanksjonar vedteke førre månad tillèt medlemsland å selje olje eller anna last beslaglagd frå skip som bryt europeiske sanksjonar mot Russland.
Svenske rettsdokument frå tidlegare i august viser at Sverige vil overføre eit beslaglagt russisk skip til Ukraina. Ifølgje kystvakta står skipet på Ukrainas sanksjonsliste.
Svenske styresmakter har fått opplyst at det dreier seg om transport av stole korn frå Ukraina.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #108400](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/KZ3384VbTNQ.jpg)



0 kommentarer